Haustmorgon

av Finn Sandum

Eg sat ein tidleg morgon på post innved ei myr
septembersola farga fjell frå aust,
da var det eg fekk oppleva mitt livsens eventyr
der fjellbjørkskogen gulna imot haust.

I myrdoggdisen der eg såg ein alvedans
der myrull stod og kledde seg i dogga,
der såg eg huldra danse med sin lange huldresvans
og stubben som eg sat på stille vogga.

Eg såg mot vest og der i myrullkanten
stega kua fram og oksen følgde med,
ein trollokse eg trur han var den fanten,
han fjetra meg og eg la rifla ned.

Eg kunne vore jeger der ved myra
eit lungeskot og kongen seig i kne,
men alvane som dansa der rundt dyra,
ville aldri i mitt hjarte gjeve fred.

Eg gjekk frå post som jeger utan dyr
men likevel eg fekk ei stund så stor,
og eventyret mitt der ved hausdoggmyr
eg aldri sidan nemnde med eit ord.

Kjelde: Finn Sandum
(2016)

Kommentarer