Haustminne

av Finn Sandum

Det leikar i minne ei hending
frå fjellet ein haustfarga dag.
Ein sundag eg trur det må vera
med fjellbris i solvarme drag.

Gjennom vier og fjellbjørk eg vandra
på solturre rabbar eg låg.
Ska tru om eg kanskje der sovna?
Var det draum eller under eg såg?

I bivrande haustsol eg ansa
at buskene slepte sitt tak.
Fjellbjørk og sølvvier dansa
i myrdogg der storelgen rak.

Med eitt der i haustfjellstilla
eg høyrde ein symfoni.
Med tonar frå eldgamle tider
som ei bru ifrå tid til tid.

Tonane varleg anda
i fjellbjørkdansen sin song.
I myrdoggdisen eg ana
ei hulder som dansa ein gong.

Sikklet frå haustspake bekkar
gjer fjellstilla meire sterk.
Som fjettra eg sit og undrast
over meisterens skaparverk.

Eit susande søg gjennom lufta
bryt inn i min hauststille fred.
I fargesprengd fullmogen røsslyng
slår ei vandrande trostflykt seg ned.

Eg veit kje kor lenge eg låg der,
men låg nok til sola gjekk ned.
Ho sløkte dei haustvarme strålar
og stille la kveldsdogga ned.

Her sit eg på nytt på rabben
eg kjenner den same fred.
I minnet ligg stunda og strålar
det haustar - sola går ned.

Kjelde: Finn Sandum
(2016)

Kommentarer