Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2013

Morgon på Neto-Sæter

av Tea Kummen Ei lita selsdør                                                           på gamle hengsler går opp. Og gjætarguten på sengehjellen står opp. Budeia lyfter frå hafellstauren eit mjølkespann. Høyr, bekkebrusen bryt morgonstilla ørlite grand  -  . Og silingskluten og spenasmurning og kakk  -  . Ved laugga heng det ei lita sleipe og makk. På stein ved lækja ligg skurefille og banketre, der blanke dropar av morgondogga no trillar ned. I dag vert bølingen høgfjellslokka på øvste råk: Så lang ei dagsferd på Sekkeflyom  -  med tråkk og tjåk. Nei har du sétt på  -  . I nørdre Brandsar står geitfjøsdør på vidan vegg  -  og der ser eg geiten' krek alt mot sør! Tru Sigrid-gjenta i gamelselet forsøv seg no? Det er så stilt bortpå søre stulen i kvar ei trå. Men trøyste meg, da! Sjå oppå Øvre   -  i blåe røyk  -  på skorteinspipa med lasne steinar ein liten pøyk! Hysj! Klakk på hella, så lókó-låten frå kufjøsgrind, og kløkk

Oppi Vigga

av Tea Kummen No stig eg ned i frå fjell til dal. Her attanfor ligg den stille klåra, der er kje  f u s k e t  for pengar fal, men helsebot for ein sjuk og såra. Og småe tjønner og bekk og bre, dei dreg ein sukk no i nattestunda. Tru om dei drøymer, ell' kva det er dei strir med her og når auga blundar? Tru dei har samvit som røyver på seg no, og geispar mot morgontimen?  -  som skvett og skvamplar og røyner på når fjellet ventar på solgull-glimen? Ska' tru om vidda har hjarteklump der innom yta i brune barmen? Eg tykte mest at eg høyrde dump og kakking her nordi Aursjokvarmen  -  . Teg still min tanke. Dra skoen av og stig på kne her på vesle tuva. For sola sprett over hei og hav, og no tek myrulla til å duva  -  . Kjelde: Årbok for Gudbrandsdalen 1952, Dølaringen boklag, 1994, s. 114

Du høge fjell

av Ragnar Solberg Du høge fjell ti sjog og eld, du blåe hø og foss og sjø, du fuglemyr og blomster-eventyr, du kvite tind og ville vind som mot me syng, du brone lyng du grøne li – du stille tona mi, med brus tå æ frå fonn og bræ ti vårljos natt, – på fangade dine e me sjøl og mine ska finne att! Kjelde: Du fjell – . Dikt på Dovre-mål , H. Aschehoug & Co., 1938, s. 5

Ved Geitåa

av Rannveig B. Bakken Eg veit om nokre vegger og ei værsliti dør som gjev frå seg ei kjensle eg aldri kjende før. Det fortel om gode dagar langt inni fjell. Som gav lindring for smerte og gjorde ein vel. Eg vert audmjuk til sinns når eg dette ser, og kjensla eg innerst i sjela ber. Kjelde: Steg over myrlendt landskap, 1995, s. 19

Kveld ved vatnet

av Rannveig B. Bakken Kvelden har gjeve dagen fri. Ro. Berre eit stille vak gjennom vassflata. Myrke tretoppar i kontur mot himmelranda i møte med ei ny natt. Ei natt berre slik fjellet gjev det. Kjelde: Steg over myrlendt landskap, 1995, s. 18

Fjellet

av Rannveig B. Bakken Som berre er der. Vernar. Rotbunde hjå oss på ein merkeleg måte. Vart med oss på ferda gjennom årtider. Som ein støtt vender attende til i storm eller stille. Fjellet gjev oss ro i sinnet. Ei gave. Fjellet. Kjelde: Steg over myrlendt landskap, 1995, s. 15

Gudbrandsdal

av Tore Ørjasæter Gudbrandsdal med lange armar krøkjer seg um jøtunbarmar, sterkt i storkna famntak støypt. Dalen over alle dalom som hev gomol ætt i galom er av Dale-Gudbrand døypt. Vegafus eg leidi vende gjenom myr og morkalende nord-igjennom nørdst på Sell. Stundom storkna som i strype, kløyvd i kamp og tronge klype Dalen upp mot Dovrefjell. Dovre, Dovre! tungt det dyngjer, gjenom soga vår det klyngjer klang av namnet traust og trygt. Norig, Norig! god er grunnen for din livsens lagnad funnen, som på Dovrefjell er bygt. Kjelde: Dikt i samling, Ashehoug, 1985, s. 62

Sørmed hølom

av Tore Ørjasæter Aa det skin mot Sot-fly flaae klaart mot himil-kvelving blaae burt i bratte Brennstøls-fjell. Gjenom linne lufti Lidar- vatne skimtar eg, det vidar seg so vænt i stille kveld. Her ja; sørmed desse hølom midt imillom baae stølom Røykjeskôlen still i skygd ligg med løyndomsfulle lider, her eingong i gamle tider var ei sæterhytte bygd. Daa dei kom til støls um vaaren, inni selet, attmed aaren, laag eit mannslik hovudlaust. Folki fælne heimatt vende, sæterhuse ned dei brende, bygde sæter lenger aust. Sidan er det som det skulde vore noko av det dulde, løynde her ved denne stad. Desse djupe bjørkelundar ned mot vatne!  Stillt det blundar utan blek av minste blad. Noko er det som ligg under, som eit mord ved midnatt-stunder tyngjande med sonings-skuld. Minne vaker og det gøymer udaads-otten.  Stødt han drøymer, under lidi løynd og duld. Kjelde:  I dalom , Olaf Norlis Forlag, 1910, s. 80

Høgfjells-drag

av Tore Ørjasæter Sjaa dagen stig i aust og soli sprett, du kjenner i deg ljosens aand og ætt. Du ser mot himlens høgd, og avgrunns-glup, og ævetanken tek deg still og djup. Det sterke drag, den stille høgfjells-sus igjenom Herrens store kyrkjehus, som stig og strøymer under blaae kvelv er orgelbrus frå bratte bræe-elv. Ljoskruna under denne kyrkjekvelv er soli som paa snøen skin og skjelv. Alt er so stort, du einsleg er med Gud, og langsyn hev du vidt mot nord og sud. Eit heilagt kyrkjetaarn er høgan tind, som solgyllt staar i milde morgonvind og høgast lyfter seg mot ljose sky med døyvde glans av dagsens fyrste gry. Det stig og strøymer under store kvelv som song og sus igjenom rome skjelv; ein heilag ande over audni sviv og gjev den svarte stein ein glans av liv. Og fritt sviv syne over flæ og fly: det fyrste tim du fær av dagen ny. Og seint du ser det siste solarglad med skuggesveipte taarn og tinderad. Kjelde: I dalom , Olaf Norlis Forlag, 1910, s.