Din veg

av Olav H. Hauge

Ingen har varda den vegen
du skal gå
ut i det ukjende,
ut i det blå.

Dette er din veg.
Berre du
skal gå han. Og det er
uråd å snu.

Og ikkje vardar du vegen,
du hell.
Og vinden stryk ut ditt far
i aude fjell.

Kjelde: Dikt i samling, Det Norske Samlaget, 2000, s. 75

Kommentarer