16. des. 2016

Eg er der lell

av Finn Sandum

Eg fann att ei heimbygd som ein gong var mi
Eg gjekk på dei gamle stier
Eg kom som ein framand frå gamal tid
ein gamal frå bortgløymde tider

Der gjekk eg blant nedgrodde murar
og leita etter ein song
som eg høyrde på solskinnsturar
blant folket som levde ein gong

Eg kvilde min fot på ein stein ved ein veg
eg såg mot mi himmelrand
bak blånar i rymda eg såg etter deg
men fann ikkje lenger di hand

Eg sat der åleine da kvelden seig på
og kveldssola sokk bak vårt fjell
Eg spurde meg sjølv: Skal eg bli eller gå?
-Om eg går, så er eg der lell

derfor, Finn Sandum Forlag 2016

31. okt. 2016

Solbøn

Kom med liv og lange dagar,
liv for lund og logne ås,
liv for eng og skog og hagar,
herlege gud Helios!
Høgtid gild me då deg lagar,
herlege gud Helios!

Kom  med glans um tun og tindar,
solgull skirt på sjø og foss,
sus av milde sunnanvindar,
herlege gud Helios!
Bløming rid på rygg og rindar,
herlege gud Helios!

Kom med vår og solrik sùmar,
fugledans i krok og kross,
kvitring, bræking, bjølle-omar,
herlege gud Helios!
Leik og låt og linne ljomar,
herlege gud Helios!

Kom med liv og lange dagar,
liv for lund og fjell og foss;
høgtid gild me då deg lagar,
herlege gud Helios,
helg for deg i hòv og hagar,
herlege gud Helios!

Kjelde: Verk 7, Aschehoug1980, s 298.

Heiloens song

Eg høyrde ei vemodig plystring
i heiloens sorgtunge song
Eg låg innved tjønna og fiska
i ungdommens sommar ein gong

Sidan har heiloens sorgtunge song
følgd meg i alle år
Ei vemodig plystring eg høyrde ein gong
er lykke, men likevel sår

Den gongen var livet kvitt eller svart
Heiloens song var kje kvit
For du var kje der, og det vart slik det vart
og heiloen følgde meg hit

Kjelde: derfor, Finn Sandum forlag, 2016, s. 9.

Haustmorgon

Eg sat ein tidleg morgon på post innved ei myr
Septembersola farga fjell frå aust
Da var det eg fekk oppleve mitt livsens eventyr
der fjellbjørkskogen gulna mot haust

I myrdoggdisen der såg eg ein alvedans
der myrull stod og kledde seg i dogga
der såg eg huldra danse med sin lange huldresvans
og stubben som eg sat på stille vogga

Eg såg mot vest og der i myrullkanten
stega kua fram og oksen følgde med
Ein trollokse eg trur han var den fanten
han fjetra meg og eg la rifla ned

Eg kunne vore jeger der ved myra
eit lungeskot og oksen seig i kne
Men alvane som dans der rundt dyra
ville aldri mitt hjarte gjeve fred

Eg gjekk frå post som jeger utan dyr
men likevel eg fekk ei stund så stor
Og eventyret mitt der ved haustdoggmyr
eg aldri sidan nemnde med eit ord

Kjelde: derfor, Finn Sandum forlag, 2016, s. 13.

Haustminne

Det leikar i minne ei hending
frå fjellet ein haustfarga dag
Ein sundag eg trur det må vera
med fjellbris i solvarme drag

Gjennom vier og fjellbjørk eg vandra
På solturre rabbar eg låg
Ska tru om eg kanskje der sovna?
Var det draum eller under eg såg?

I bivrande haustsol eg ansa
at buskene slepte sitt tak
Fjellbjørk og sølvvier dansa
i myrdogg der storelgen rak

Med eitt der i haustfjellstilla
eg høyrde ein symfoni
med tonar frå eldgamle tider
som ei bru ifrå tid til tid

Tonane varleg anda
i fjellbjørkdansen sin song
I myrdoggdisen eg ana
ei hulder som dansa ein gong

Sikklet frå haustspake bekkar
gjer fjellstilla meire sterk
Som fjettra eg sit og undrast
over meisterens skaparverk

Eit susande søg gjennom lufta
bryt i min hauststille fred
I fargesprengd fullmogen røslyng
slår ei vandrande trostflykt seg ned

Eg veit kje kor lenge eg låg der,
men låg nok til sola gjekk ned
Ho sløkte dei haustvarme strålar
og stille la kveldsdogga ned

Kjelde: derfor, Finn Sandum forlag, 2016, s. 11.

Fjellvår

Det vårast på fejllet. Det vaknar ei sjo
som syng gjennom stilla mot kveld
Du kjenner ditt sinn finn ei kvilande ro
der du nører din kaffebåleld

Mot flekkberre tindar du skodar og ser
at den trasige vinter`n fer bort
Du kjenner ei lykke, du jublar og ler
blir så liten i det som er stort

Kjelde: derfor, Finn Sandum forlag, 2016, s. 14.

Helsing til fjella

Vil du ta med deg helsing til fjella
Du som ennå er lett på tå
Vil du helse til reinlav og røslyng
Der min fot ikkje lenger kan gå

Vil du sende meg bud når du er der
Vil du nøre din eld ved mitt tjønn
Vil du sovne på steinen -eg sov der
Vil du gje dei mi siste bøn

At dei kanskje kan hugse eg var der
At eg levde mitt liv der ein gong
Takke for alt eg fekk der
Syng dei min siste song

Vil du ta med deg helsing til fjella
Vil du helse og takke for meg
Vil du be dei å slette gjelda
For den rikdom eg stal steg for steg

-Vil du ta med deg helsing til fjella?

Kjelde: derfor, Finn Sandum forlag, 2016, s. 16.